ANDERS LILLEBO TRIO

Arrangementsinformasjon

Anders Lillebo var i full gang med musikkstudier i Norge. Han såg seg sjølv som ein framtidig jazzpianist då han på ein tilfeldig folkemusikkfestival i Irland forelska seg fullstendig i irsk tradisjonsmusikk. Lillebo konverterte til trekkspel. Han flytta til Irland for eit
par år, og har sidan markert seg som ein moden og nyskapande folkemusikar med irsk i blodet. Til Førde kjem han med ein nykomponert trio, med sjølvaste Kevin Hendersen og Ronny Kjøsen på fele og piano. Det blir keltisk, ja. Av beste merke!

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til kvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.