706 m.o.h.: Utla

Arrangementsinformasjon

I år er det Utla som får løfte musikken sin til nye høgder frå Hafstadfjellet, festivalen sin mest spektakulære arena. Håkon Høgemo, Karl Seglem og Terje Isungset i Utla­trioen var blant dei første til å kople tradisjonell folkemusikk med improvisasjon, jazz og verdsmusikk, og den særeigne utlamusikken har sett spor etter seg både i inn-­ og utland. Utla tek tradisjonar på høgste alvor, og let slåttemusikken få følgje av klangar frå saksofon, bukkehorn, munnharpe og perkusjon i alle former. Indre Sunnfjord Turlag er guidar.

Buss kl. 08:30 frå Førdehuset. 2 timars fottur til toppen. Etter konserten går vi til Bruland og bussretur til sentrum.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

konsertogdans

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.