page view image

Ut på tur, aldri sur!

EVENT INFORMATION
event image

Nagiladans og kudansen!


Bli med Barnas Turlag på tur rundt Mostien. Etterpå kan du grille din eigen mat i tunet på museet. 


Aldri så gale at det ikkje er godt for noko! Det er minimal brannfare for tida, så alle er velkomne til grilling i tunet etter turen rundt Mostien.

Grillane er varme til de kjem, så ta med grillmat og nyt middagen i Movika denne ettermiddagen.

Før konserten i Sersjantløa kan de også teste ulike uteleikar i tunet, prøve å male korn, prøve å bære vatn i vassele, og få komme inn i Østenstadstova og høyre om korleis det var å leve i gamle dagar, og ulike vesen og skapningar ein trudde på då.


I Sersjantløa gir Abu Adonaba og trioen hans oss framsyninga "Nagila", om dei dansande kuene som han passa for oldemora heime i Ghana. 

Turen startar frå parkeringsplassen ved Sunnfjord museum.

Alder: Alle.

Meir om artisten:

Abu Adonaba - Ghana, Norge

Med framsyninga: Nagila - dei dansande kyrne

Har du sett ei ku danse? Då Abu var liten, passa han oldemora sine kyr i landsbyen i Ghana. Han tok dei med ut på slettene så dei kunne ete gras. Nokre gonger dansa kyrne. Abu spelte musikk, og kyrne dansa. I Ghana har kyr nemleg sin eigen musikk og dans, Nagila heiter den, og betyr kudans. Kan du danse som ei ku?

Abu Adonaba er frå Ghana i Vest-Afrika. Han vaks opp med musikk og dans som ein del av kvardagen, og det var aldri nokon tvil om at han hadde eit medfødd talent for dette. Som 20-åring var han med i det nasjonale danse-ensemblet, Ghana Dance Ensemble, som dansar og koreograf. Han var også med i danse- og trommegruppa Odehe Dance Company.

Adonaba spelar fløyte, rytmeinstrumentet asluatua og dei tradisjonelle afrikanske trommene kroboto og lung. Han spelar solo eller med band. Han er også ein del av det nye Vestland Sound Machine, der ghanesiske trommetradisjonar møter elektronisk musikk. I over 20 år har Abu Adonaba hatt base i Bergen, men er velkjend i heile landet for sine mange musikk- og danseverkstadar, konsertar og framsyningar på festivalar, i skular, barnehagar og verksemder. Kvar veke har han kurs for born og unge på Bergen Internasjonale Kultursenter.

Abu Adonaba  - aslatua, fløyte, kroboto

Stephen Ososno - aslatua, kroboto

Marianne Adonaba - lung, kroboto

barnefolk

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.