page view image

Aziza Brahim

Med si djuptgripande og lidenskapelege stemme byggjer Aziza Brahim bruar mellom røtene sine i Vest-Sahara og Barcelona. Ho er ein lyrisk poet og ei sterk talskvinne for det saharawiske folket sin kamp for anerkjenning og rettferd.

Information
event image

Aziza Brahim 

Poeten og talskvinna frå ørkenen


Med si djupe og lidenskaplege stemme byggjer Aziza Brahim bru mellom røtene sine i Vest-Sahara, via ungdomstid på Cuba, og vaksenliv i Barcelona, der ho no bur i eksil. Ho er ein lyrisk poet og ei sterk talskvinne for det saharawiske folket sin kamp for eit eige land. Musikken hennar reflekterer både sorga og håpet til alle dei tusen som flykta frå heimane sine i Vest-Sahara til leirar på grensa til Algerie. 

Aziza Brahim vart fødd og vaks opp i saharawiske flyktningleirar på grensa mellom Algerie og Vest-Sahara. Ein tøff oppvekst som gav henne ein sterk vilje. I opptøyane som følgde etter Marokko sin invasjon i Vest-Sahara i 1975, flykta tenåringen Aziza til Cuba for å fullføre vidaregåande skule og studere musikk. På Cuba fekk ho kjenne den djupe økonomiske krisa på 1990-talet på kroppen, og ho vart nekta vidare musikkutdanning på universitet. På Cuba vart ho påverka av rytmar og melodiar, som framleis kan høyrast i musikken hennar. 

Livet som flyktning vart eit tilbakevendande tema i Aziza Brahim sin vakre og melankolske musikk. Ho syng på Hassaniya-arabisk, men også på spansk om uretten folk i flyktningeleirane opplever. Ikkje berre i Vest-Sahara, men alle millionar av flyktningar på planeten vår.  

Aziza Brahim lever i eksil i Spania. Det er der ho har skrive og spelt inn sitt sjette album, Mawja, det fjerde på Glitterbeat. Songane hennar har framleis røter i heimlandet, men blikket er meir globalt. Gjennom samarbeidet med spanske Amparo Sánches har musikken fått nye impulsar og nye arrangement, som gjer den klar for nye generasjonar.

konsert/dans

Restrictions

Dørene opnar kl.21.30.

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.