page view image

Endeleg dans!

EVENT INFORMATION
event image

Endeleg kan vi danse igjen!


Det store dansegolvet i Festsalen har plass til alle, røynde og urøynde. I kveld kan du danse til takter av Godlynt og P.A. Røstads orkester.

Festivalpass, Superpass, Superpass UNG og billett til opningskonserten gjev gratis inngang. 

Meir om artistane:

P.A. Røstad - Legendarisk runddans-orkester 

P.A. Røstads Orkester er ein institusjon innan runddansmusikken i Norge. Orkesteret starta opp på 70-talet med orkesterleiar Petter Andreas Røstad senior på trekkspel og den legendariske spelemannen Hilmar Aleksandersen på fele. Dagens versjon er under leiing av barnebarnet Petter Andreas Røstad medan Torfinn Hofstad har teke plassen til Hilmar av naturlege årsaker. Orkesteret vann Landsfestivalen to år på rad, i 1999 og 2000, og vann NRKs Kappspell i 2003. Dei mottok også Folkelarmprisen 2011 for deira siste CD “Fjellfiolen”, og har etter den tid turnert i USA og delteke på festivaler rundt om i Norden.

Petter A. Røstad – trekkspel

Dag Ståle Larsen – trekkspel

Torfinn Hofstad - fele

Bjørn Arild Aksnes – kontrabass

Villy A. Kvernmo – gitar


Godlynt - Norge 

Gruppa vart stifta i september 2021 under prosjektet Folk Session: Prosjekt ny gammaldans. Målet med prosjektet var å gje fire unge, norske musikarar sjanse til å utvikle kvar sitt nye gammaldansorkester som i framtida kan fylle danselokale rundt i landet med neste generasjons gammaldansmusikk.

Gruppa stiller med folk frå både jazz, klassisk, ulike rytmiske sjangrar og folkemusikk frå fleire kulturar. Dei spelar slåttar som er innanfor alle sjangrar i gammaldans. Det vert nytta element frå kanadisk folkemusikk, jazz, klassisk og rytmiske sjangrar, på same tid som de ønskjer å halde den typiske gammaldansmusikken i hevd.

Godlynt fortel at målet med musikken deira er å syne fram andre måtar å spele gammaldansmusikk på, og på same tid halde fast i gammaldanstradisjonen og få folk på dansegolvet. 

Vel møtt!


konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.