Puuluup / Naaljos Ljom

22.30–23.00 Danseskule med NMH-studentar 23.00 – Konsertstart

page view image

Tickets Not Available

order
Tickets not available anymore
event image

Event information

Rart og sjarmerande! 

Med ein porsjon surrealisme, moderne folklore og tradisjonsinstrumentet jouhikko har Estlands-duoen Puuluup skapt ei makelaus blanding av gamalt og nytt. Dei kallar musikken sin “zombie-folk”. 

Den karakteristiske lyden av jouhikko-harpa vert send gjennom effektpedalar og loopmaskin. Tekstar og melodiar er ei blanding av nostalgi og improvisasjon, der dei fleste songane handlar om kjærleik og langrenn. Mest om langrenn. 



Folkemusikk møter elektronisk dansemusikk! 

Inspirerte av Eivind Groven og Erik Eggen, har Naaljos Ljom skapt sitt heilt nye konsept, der oppskrifta er å blande norsk mikrotonal folkemusikk med elektronikk. 

Anders Hana og Morten Joh trakterer ei rekkje instrument og mange pedalar. 

Dei har også med seg gjestemusikar Rasmus Kjorstad.


Her blir det klubbstemning!

Restrictions

Dørene opnar kl. 21.30

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

konsert/dans
Organizer
Førdefestivalen