Event information
Fiolinist og komponist Inger Hannisdal har eit like naturleg forhold til skalaer frå arabisk maqam som til norske folketonar.
Ho blandar dei to tradisjonane til eit uttrykk av skakke rytmar, kvarttonar og lengtande melodiar.
Med sitt strålande ensemble hentar ho fram ei heil verd av tonar som har gått tapt i den europeiske tempererte tonaliteten, og tek oss inn i eit nydeleg musikalsk univers der vi saumlaust vandrar mellom nord og sør, aust og vest.