© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
I serien band som gjer alt på sin heilt spesielle måte: ta vel i mot Mitsune, folk-fusjonsbandet som heidrar og moderniserer den japanske shamisen-tradisjonen! Hjartet og sjela i Mitsune er tsugaro-shamisen, ein tradisjonell trestrenga lutt som vart gjort populær av blinde, omreisande musikarar. Mitsune sine energiske konserter har ein humoristisk undertone, og er spekka av overdådige visuelle uttrykk som vi trur du vil elske!
Las Karamba har røter i i Venezuela, Cuba, Catalonia, Frankrike og Argentina og blandar stilartar som son, cha-cha-cha, salsa, timba og litt innslag frå rap og urban musikk. Dei skaper ei kraftfull og smittsam musikalsk oppleving og er som skapte for å lage herleg laurdagsstemning i Sunnfjordsalen!
Dørene opnar kl 21.30
Aldersgrense 20 år.
Alle med Festivalpass har fri entre til denne konserten.