page view image

Tarabband

Musikk for fred!

Information
event image

Irakisk-egyptiske Nadin Al Khalidi kom til Sverige som flyktning i 2001. Sju år seinare starta ho seksmannsbandet Tarabband saman med Gabriel Hermansson. 

Musikk deira startar i Malmø og reiser via Paris og Middelhavet til Kairo og Bagdad, og blir ei slags tverrkulturell musikalsk oppleving; litt som tarab, som på arabisk betyr at kjensler og musikk blir eitt. Tekstane flettar saman politiske og sosiale tema rundt identitet, overleving og kjærleik – alltid med eit ønskje om fred og toleranse mellom ulike kulturar. 

Dette er musikk for fred – og ikkje noko passar betre enn at Tarabband set det musikalske punktum for Førdefestivalen 2026. FRED!   



konsert/dans

Restrictions

Dørene opnar kl. 17.30

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.