page view image

Sudan Dudan @Sogn og Fjordane Kunstmuseum

18.00-19.00 Krasjkurs i sunnfjordspringar (gratis, for alle)
19.00-20.00 Konsert Sudan Dudan

Information
event image

Bli med når vi tilbyr ein spennande ‘ny’ pakke: krasjkurs i sunnfjordspringar + konsert med superduoen Sudan Dudan! Alt skjer på kunstmuseet i Førde!


Sudan Dudan

Sudan Dudan duoen med Anders Erik Røine og Marit Karlberg, har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet og langt utover det. Dei står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe, men finn også inspirasjon i både country, bluegras, ørkenblues og salmesong. 

Sudan Dudan har eksistert som duo sidan tidleg på 2000 og er kjende for sitt nedstrippa og råe lydbilete. Gode tekstar, tette harmoniar og spenstig improvisasjon.

Kvelden startar med eit krasjkurs i sunnfjordspringar kl.18.00–19.00. Instruktør er Arild Herstad. Kurset er gratis og ope for alle. Deretter blir det konsert med Sudan Dudan kl. 19.00–20.00 i eit roleg og sitjande format, der du kan lytte og ta inn musikken i fred og ro.

Det vert sal av forfriskningar og publikum får høve til å sjå utstillinga i 2.etasje.


Hjarteleg velkomne!

konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.