Julie Fowlis og Ímar | Keltisk festkveld
Vi riggar til med langbord og bar, og stiller med to skotske
toppnamn på scena: Julie Fowlis og Ímar!
Information
Fredag 5. juli inviterer vi til tidenes
keltiske kveld!
Julie Fowlis er skotsk folkemusikk si førstedame, ei av dei verkeleg store namna, og ja, ho spelte i Førde i 2015. Ho kjem med sitt meir enn eminente band, og slår an tonen på denne utrulege fredagskvelden.
Frå skotsk vokal i stjerneklasse går vi til ditto instrumental.
Supergruppa Ímar er eit relativt nystarta band, men samansett av ringrevar frå Mànran, Mec Lir, RURA (Førdefestivalen 2019) og Talisk. Dei er RÅ, og til saman har dei fem musikarane i Ímar truleg skotsk rekord i prisar.
Ímar er noko av det beste Skottland har å by på av konsertartistar – dei kjem med ekte irsk folkemusikk, spelt med hjarte og sjel, rett fram utan fiksfakseri.
Hjarteleg velkomne!
Merk at "SETE ved bord" er også utan nummer - de vel sjølv kvar de vil sitte ved ankomst.
Alle med Festivalpass har fri entre til tribune/galleri, eller dei kan kjøpe seg eit sete ved bord på golvplan til kr 50,-
Restrictions
Dørene opnar kl. 19.15.
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.