Familieverkstad – Fredsduer #1
Passar best for born i skulealder og oppover i samarbeid med ein vaksen.
Ein føresett kan følgje gratis.
Lag di eiga due – og send eit fredsbodskap vidare
Dua har lenge vore eit symbol på fred. I denne familieverkstaden inviterer vi barn og vaksne til å lage sine eigne fredsduer og sende ut små bodskap om håp, vennskap og fred.
Her kan du velje mellom to kreative aktivitetar – eller kombinere dei:
Brevduer i leire
Form ei lita due i sjølvherdande leire. Skriv eit fredsbodskap på ein liten lapp, rull han saman og legg han i nebbet til dua – som ei lita brevdue som ber med seg ei helsing.
Flygande fredsduer i papir
Skriv eit ønske, ein tanke eller eit bodskap om fred på eit ark. Brett arket til ei due i origami – som kan fly, som eit lite papirfly. Kanskje får ho prøve vengene frå trappa inne på museet eller frå takterrassen?
Velkomen til ein kreativt verkstad der vi lagar, deler og sender ut fredsbodskap saman.
Passar best for born i skulealder og oppover i samarbeid med ein vaksen.
Ein føresett kan følgje gratis.
Waiver
Kjøpte billetter vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.