page view image

Benedicte Maurseth – MIRRA

Musikk inspirert av villreinens liv og rørsler på Hardangervidda.

Information
event image

Benedicte Maurseth – MIRRA

Med Mirra tek Benedicte Maurseth publikum med inn i villreinens årssyklus på Hardangervidda – frå vinterens stillferdige graving i snøen, via vårens kalving og sommarens beite, til haustens uro og vinterens ro.

Musikken har røter i folkemusikkens gjentakande mønster, og er samstundes open og utforskande. Villreinens eigne grynt og klikkelydar er vevd inn i klangbiletet og gir konserten eit sterkt nærvær av landskap og natur.

Mirra er eit konsentrert og ettertenksamt verk om natur, tid og samspel – og om eit dyr som har vore ein del av fjellandskapet i tusenvis av år, men som i dag er truga.

Albumet Mirra er oppfølgjaren til Hárr (2022), som vann Nordic Music Prize og fekk brei internasjonal merksemd. I 2025 blei Mirra kåra til årets beste album i Vestland av Bergens Tidende.


Medverkande:
Benedicte Maurseth – hardingfele
Håkon Mørch Stene – slagverk, elektronikk
Mats Eilertsen – bass
Morten Qvenild – piano, elektronikk

Konserten er ein del av turnéordninga Den musikalske stamvegen (Vestnorsk jazzsenter), i samarbeid med Jølster Jazzklubb.

konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.