Amira Medunjanin
Ei stor stemme i sevdah – Bosnia sin eigen blues.
Amira Medunjanin vaks opp i Sarajevo i ei tid då tradisjonsmusikken i det tidlegare Jugoslavia stod sterkt. Sevdah fekk ein stor plass i hjartet hennar, og gjennom heile karrieren har ho leita etter og utvikla ei stemme å formidle den inderlege og melankolske sevdahen på. Medunjanin har tolka sevdah på 11 album, i ulike retningar, og er i dag rekna som ein av dei fremste eksponentane av det som også er kalla Bosnia sin blues.
Med stor stemmeprakt og inderleg innleving gjev ho liv til songar om lengt og kjærleik. Songar som har gjeve trøyst og håp for eit folk i vanskelege tider – og kanskje er det det vi treng vi også; trøyst og håp.
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.