Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Til alle songinteresserte – ikkje gå glipp av dette! Det er eit unikt høve til å møte ein fabelaktig utøvar og å bli kjent med ein flik at den rike og usigeleg vakre persiske songskatten.
Mahsa Vahdat har ei stemmeprakt med ein kjenslevar klang og ei uimotståeleg kraft som har ført henne til konsertsalar over heile verda, og til samarbeid med eit mangfald av musikarar frå fleire kontinent, frå Knut Reiersrud til Vertavo-kvartetten. Men i sitt eige heimland, Iran, kan ho ikkje synge offentleg – fordi ho er kvinne, og ho bur no i eksil i USA.
På Førdefestivalen har ho derimot fått plass på scena fleire gonger. Mahsa er både ein stor utøvar og ein røynd pedagog, så her er det mykje lærdom å hente, både songteknisk og i klokskap og visdom rundt songframføring og kulturtradisjonar.
I denne videoen får du både høyre songkunsten hennar og tankar om kva «heime» betyr.