Tenk å få lov til å invitere til salongkonsert med Hedin & Meidell heime hos Reidar og Jorunn Knapstad i ærverdige Skrivargarden på Toene!
Her kjem du tett på ein svensk kvalitetsduo som tolkar slåttar frå 1700-talet og gjev dei nytt liv.
Barokkfiolin og nøkkelharpe møtast i smakfulle arrangement og inderleg samspel.
Duoen snor seg briljant gjennom slåttetradisjonen sine mange former og skaper ei musikalsk oppleving av det sjeldne slaget.
Og etterpå vert det kaffi.
Avgrensa tal plassar.
Det blir to framsyningar same dag, kl. 11.00 og kl. 14.30.