page view image

Sam Lee

Britisk folkesongtradisjon, natur og nyskaping – formidla med inderleg kraft og ei særprega stemme.

Information
event image

Naturmennesket og miljøforkjemparen Sam Lee er ein uredd og oppfinnsam songar, som dei siste 20 åra har gått i bresjen for å løfte fram den rike britiske folkesongtradisjonen og gje den ei framtid. Han samlar inn og tolkar folkesongar, og er særleg kjend for å skape heilt unike musikkopplevingar ute i naturen. Med originale arrangement og personleg formidling viskar han ut grensene mellom tradisjonsmusikk og samtidsmusikk. Songen kjem frå hjartet. Det er inderleg og ekte, og det er berre å late att auga og bli med inn i Sam Lee sitt musikalske draumelandskap. Han har ei stemme du seint gløymer!  

Det siste albumet hans, songdreaming (2024), vart kåra til European Album of the Year av magasinet Songlines. 



konsert/dans

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.