Rastak @Sunnfjordsalen
Røter i iransk tradisjon. Blikk mot notida.
Rastak har sidan 1997 arbeidd med å løfte fram iransk folkemusikk i nye og gjennomarbeidde arrangement. Med røter i tradisjonelle melodiar, språk og instrument hentar dei materiale frå ulike regionar i Iran og formar det til eit samla, samtidsretta uttrykk.
Gjennom omfattande feltarbeid har ensemblet oppsøkt dei originale kjeldene og samarbeidd tett med lokale tradisjonsberarar. Slik har dei tileigna seg ei djup forståing av dei regionale stilane – både musikalsk og kulturelt.
I møte med dette mangfaldet utviklar Rastak eit klårt og medvite scenisk uttrykk, der tradisjonelle klangar og rytmar vert sette inn i nye samanhengar utan å miste forankringa. Resultatet er ei musikk som står støtt i røtene, samstundes som ho talar til eit publikum langt utover eigne kulturgrenser.
Sittande sal med danseplass.
Alle med Festivalpass har fri entre til denne konserten.
Restriktioner
Dørene opnar kl. 20.30.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.