page view image

Familieverkstad – Fredsduer #1

Passar best for born i skulealder og oppover i samarbeid med ein vaksen.
Ein føresett kan følgje gratis.

Information
event image

Lag di eiga due – og send eit fredsbodskap vidare 

Dua har lenge vore eit symbol på fred. I denne familieverkstaden inviterer vi barn og vaksne til å lage sine eigne fredsduer og sende ut små bodskap om håp, vennskap og fred. 

Her kan du velje mellom to kreative aktivitetar – eller kombinere dei: 

 

Brevduer i leire 

Form ei lita due i sjølvherdande leire. Skriv eit fredsbodskap på ein liten lapp, rull han saman og legg han i nebbet til dua – som ei lita brevdue som ber med seg ei helsing. 

 

Flygande fredsduer i papir 

Skriv eit ønske, ein tanke eller eit bodskap om fred på eit ark. Brett arket til ei due i origami – som kan fly, som eit lite papirfly. Kanskje får ho prøve vengene frå trappa inne på museet eller frå takterrassen? 

Velkomen til ein kreativt verkstad der vi lagar, deler og sender ut fredsbodskap saman. 


Passar best for born i skulealder og oppover i samarbeid med ein vaksen. 

Ein føresett kan følgje gratis.

barnefolk

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.