Hjälp
© TicketCo AS 2026.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
I danseframsyninga Taus vert publikum inviterte inn i eit felles rom der det som vanskeleg let seg seie med ord vert formidla gjennom dans og kroppsspråk, levande musikk og fysisk nærvær. Det handlar om det som har vorte halde inne og halde hemmeleg, det som aldri forsvinn frå kroppen.
Stillheita som ber på noko som vil og må ut, og til slutt får sprenge seg fram. Om korleis vi gjennom menneskeleg fellesskap søkjer ein måte å bere, akseptere og leve vidare på.