Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Laurdag 5. juli kl. 20.30 | Idrettshallen, Førdehuset
Når temaet for festivalen er musikk og språk, seier det seg nesten sjølv at vi måtte involvere den blokkfløytespelande språkdronninga vår, Linda Eide!
Og heldigvis sa ho ja til å lage ein folkemusikk-spesial versjon av språksjovet, i den største storstova vår, Idretthallen i Førdehuset.
Så då blir det Linda Eide i 'beste sendetid' laurdag kveld.
Her får ho boltre seg med internasjonale og norske musikalske gjester som alle har ei tilknyting til språk, og vi kjenner oss sikre på at den flotte språk-vertinna kjem til å skape god stemning både på scena og i salen. Ho gler seg iallfall, og det gjer vi også!
Festivalpass = Plass på språksjovet!
Festivalpass gir deg fri tilgang til språksjovet frå unummererte plassar på tribuna – enkelt og greitt. Vil du ha eit fast sete nærmare scena? Kjøp "Festivalpass sete" for kr 50,- og sikre deg ein nummerert plass!
Dørene opnar kl. 19.45. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis.