Seminar: Håp for framtida – å byggje ein kultur for fred
Å byggje fred, frå kvardagen og opp.
Korleis skaper vi ein kultur for fred i framtida, her hos oss i Vestland? Fred er ikkje berre eit internasjonalt spørsmål, men noko som vert bygd i kvardagen – gjennom oppvekst, fellesskap, inkludering og måten vi tek vare på kvarandre.
Med særleg blikk på born og unge ser vi på kva som skal til for å skape robuste menneske med gode verdiar, sterke fellesskap og motstandskraft mot utanforskap og urett.
Program:
10.00–10.20
Barnehagen som arena for fredsarbeid
Elin Eriksen Ødegard, senterleiar for BarnKunne
Krig råkar alltid dei svakaste med brutale konsekvensar. I ei tid der fleire kriser kjem oppå kvarandre, treng vi både håp og mot til å handle. Elin Eriksen Ødegard fortel om korleis barnehagen kan vere ein arena for fredsarbeid. Dei første åra i eit barns liv er avgjerande for utvikling av verdiar, haldningar og evna til å møte andre med openheit og respekt. Ho viser korleis gode rammer i barndomen kan gi tryggleik, tilhøyrsle og danning, og trekkjer historiske linjer til framveksten av internasjonalt fredsarbeid. Ødegard peikar òg på optimismen i eit nytt samarbeid mellom ukrainske og norske barnehageforskarar, og understrekar at arbeid med barn er eitt av dei viktigaste fredsprosjekta vi har.
10.20–10.35
Å ta vare på kvarandre – fred i praksis i Vestland
Sarah Anderson, Vestland fylkeskommune
Korleis kan politiske prioriteringar, haldningar og konkrete tiltak styrkje fellesskap, motverke utanforskap og skape tryggare lokalsamfunn? Sarah Anderson deler erfaringar frå arbeid med inkludering, folkehelse og antirasisme, med særleg vekt på ungdom og menneske i sårbare livssituasjonar.
10.40–11.00
Å leve saman – ungdom, mangfald og framtidshåp
Leonora Kleiven, samfunnskontakt ved UWC Red Cross Nordic – Flekke, saman med ungdommar frå skulen
Korleis kan unge lære å leve saman i ei verd prega av ulikskap, konflikt og raske endringar? Med utgangspunkt i erfaringar frå UWC sitt arbeid med ungdom frå heile verda vert utdanning løfta fram som ein arena for forståing, fellesskap og ansvar. Ungdom og tilsette fortel om arbeidet med kulturdeling og kulturforståing i praksis.
UWC på flamenco-konsert hos Førdefestivalen i 2023