page view image

Rydvall / Mjelva / Carr

Eit klårt, detaljrikt møte med nordisk folkemusikk.

Information
event image

Vegane deira har kryssa kvarandre mange gonger, og lenge snakka dei om å gjere noko saman. Først etter fleire år bestemte Olav Mjelva, Erik Rydvall og Ale Carr – tre markante namn på den nordiske musikkscena – seg for å bli ein trio.

Med hardingfele, nøkkelharpe og cister utforskar dei det rike og intrikate uttrykket i nordisk folkemusikk. Repertoaret har dei med seg heimanfrå. «Kvar slått vi spelar, er eit vindauge mot det fysiske og musikalske landskapet vi kjem frå», seier Erik Rydvall.

Her blir det både polka og polska, ofte med streif av kammer- og barokkmusikk.



konsert/dans

Restriktioner

Dørene opnar kl. 14.00.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.