Rørospols (2 dagar)
Kurset passar for ungdom/vaksne, og du treng ingen forkunnskapar.
Polsen er i vinden som aldri før! Suggererande og drivande. Ein dans du får lyst å danse om og om igjen, heile kvelden, heile natta. Om du berre kan den då.
Og no har du sjansen. I år blir det kurs i rørospols, og det med dei beste instruktørane. Torill Jørgensen og Rolf J. Feragen er svært erfarne dansarar og pedagogar, og sørger for at når kurset er over er du godt rusta for dansegolvet - og så får vi sjå om du klarer å stoppe.
Kurset passar for ungdom/vaksne, og du treng ingen forkunnskapar.
Levande musikk av Olav Mjelva – det blir ikkje betre!
Dag 1 av 2.
Dag 2 er fredag 3.juli kl 10:00 - 12:00.
Foto: Firda
Restriktioner
Ta gjerne med dansesko – eller dans i sokkelesten om du vil. Vi ber om at utesko blir verande utanfor dansesalen.
Ansvarsfriskrivning
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.