page view image

Meelodi @Larris Scene

Strengemeisteren Ole André Farstad og songaren og kunstnaren Medi Farmani har skapt eit unikt og vakkert uttrykk ved å blande instrument frå heile verda med persisk og arabisk poesi.

Information
event image

MEELODI 

Endeleg tilbake i Førde! 

Etter ein fantastisk konsert på Førdefestivalen 2021, kan vi endeleg ønskje Meelodi velkomen tilbake til Førde! I samarbeid med Jølster Jazzklubb inviterer vi til gjenhøyr med strengemeisteren Ole André Farstad og songar Medi Farmani og det eminente bandet deira: Per Jørgensen på trompet, Nawar Alnaddaf på oud og vokal, Snorre Bjerck på perkusjon og Anders Bitustøyl på bass.


Musikk frå heile verda – med hjarte og hjerne 

Med base i Bergen har Meelodi skapt eit unikt og vakkert uttrykk der instrument frå heile verda vert blanda med persisk og arabisk poesi. Dei har tre album bak seg. The Great Blue Wheel kom på Top of the World-lista då det internasjonale musikkmagasinet Songlines oppsummerte plateåret 2021. Den fjerde plata er like rundt hjørnet. I tillegg til Førdefestivane, har Meelodi spelt på festivalar som Melafestivalen, Folkelarm, Nattjazz, Bergen Internasjonale Musikkfestival og OK Sessions på Nasjonal Jazzscene.


Om musikarane 

Dei seks musikarane er kjende namn frå det bergenske musikkmiljøet. Snorre Bjerck er å høyre med mellom andre Siwan, Batagraf og Transjoik. Her spelar han saman med bassist Anders Bitustøyl som elles har turnert land og strand med Bjørn Tomren og Sigrid Moldestad. Trompetist Per Jørgensen er blant dei største musikkskattane vi har her til lands. Det same kan seiast om Nawar Alnaddaf. Ho kom frå Syria til Bergen i 2015 med ein musikalitet utanom det vanlege, noko ho for tida fordjupar seg vidare i på Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Medi Farmani er eigentleg kunstmålar, men viser seg også å ha stor uttrykkskraft som vokalist, med utsøkt timing og ikkje minst scenisk nærvær. Primus motor Ole André Farstad er like komfortabel med liksminke i metal-bandet Abbath som på barnekonsertar med Tres Musicos. Han har truleg også den største samlinga av strengeinstrument du finn i Bergen – ja, kanskje i landet.


Hjarteleg velkomne på konsert!

konsert/dans

Restriktioner

Dørene opnar kl. 18.30

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.