Klubb Komle på tur + Gasper Nali Band
Musikk og dans i to etasjar – éin billett!
Klubb Komle fyller Larris Scene, medan Gasper Nali Band tek over biblioteket. Ein kveld med drivande rytmar, dans og rå speleglede.
🔊 På Larris Scene: Klubb Komle på tur / DJ Radsen
Bergens eigen folkemusikk-nattklubb på turné i Førdefestivalen!
Klubb Komle serverer dansbar husmannskost i klubbformat – der folkemusikk, klubb og fest smeltar saman. Her er det rom for både fele og fotarbeid, og kvelden byggjer seg opp med tempo, energi og sving.
Med:
- Folkedansinstruksjon med Lars og Are
- HrayBery
- Folksomt
- DJ RADSEN
🔥I biblioteket: Gasper Nali Band / DJ Daeva
For første gong i Noreg!
Gasper Nali er ein heilt unik artist frå Malawi, verdskjend for sin sjølvlaga babatoni – eit instrument som kombinerer bass, perkusjon og strengar. Med røter i Kwela-tradisjonen skaper han ein intens, drivande og hypnotisk lyd.
Sidan det virale gjennombrotet i 2015 har Gasper gjeve ut to kritikarroste album, turnert verda rundt og bygd ein global fanskare. No kjem han endeleg hit.
Gasper Nali – babatoni, vokal
Davie Luhanga – perkusjon, vokal
Mattias Stålnacke – gitar
Etter Gasper Nali Band tek DJ Daeva over, og fyller biblioteket med rytmar frå alle kontinent. Her er det berre å halde beina i gang til ut i dei små timar!
Éin billett gjeld for begge etasjane.
Gasper Nali
Restriktioner
Dørene opnar kl 21.30
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.