Kaffipraten med HrayBery
Bli betre kjend med ein festivalartist i uformell samtale – midt i stemningsfulle Røyst mat & vin. Gratis og garantert triveleg.
Den polsk-ukrainske gruppa HrayBery gjev nytt liv til gløymd dansemusikk frå grenseområda mellom Polen og Ukraina.
Musikken har røter heilt tilbake til 1500-talet og speglar ei tid då området var ei fleirkulturell smeltedigel av dialektar, språk og musikalske uttrykk. Her levde ukrainarar, polakkar, jødar og romfolk side om side i det som i lange periodar var eit fredeleg grenseland.
HrayBery spelar på autentiske instrument og formidlar ein musikalsk arv som i stor grad har vore gløymd. Konserten er eit sterkt vitnesbyrd om ei svunnen tid – og om musikkens evne til å bere historie, fellesskap og identitet på tvers av grenser.
Fri entré.
Ansvarsfriskrivning
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.