page view image

Tett på: Helga Myhr

Ny soloplate og sleppkonsert!

Information
event image

Helga Myhr er siste års vinnar av hardingfele klasse A på LandskappleikenHo er best av dei beste på hardingele, altså, og tillegg ein meir enn habil kvedar og samtidsmusikarHo har ALT, og er høgt respektert i musikarkretsar. Flaska opp i folkemusikkfamilien Myhr i Hallingdal, er det den rike tradisjonen derifrå ho ber med seg og formidlar. Det er slåttar mellom andre etter læremeister og inspirator Egil Syversbråten ho no har samla på si andre soloplate, og som dette er sleppkonsert for! 

Vi gratulerer, og til publikum er det berre å seie: Hugs å kjøpe konsertbillett med ein gong!   

 


konsert/dans

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.