FolkJazzScena: Einar Olav & Gjermund Larsen

Evenemangsinformation

Einar Olav og Gjermund Larsen - konsert og dans


I samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Gaular spelemannslag inviterer vi til konsert med ingen ringare enn brørne Einar Olav og Gjermund Larsen frå Verdal. Etter konserten spelar duoen til dans, og heile kvelden er det høve til å kjøpe forfriskingar i kaféen.


Brørne Einar Olav og Gjermund Larsen er fødde, vaksne opp og busette i Verdal i Trøndelag, og er to av dei fremste folkemusikkutøvarane i landet. Begge har vunne ei drøss med prisar, både saman og kvar for seg. Dei to har fleire sigrar i landskappleiken og har også fleire Spellemannprisar i bagasjen. Dei siste åra har brørne hatt eit tett samarbeid med Trondheimsolistane, noko som har resultert i ein Grammy-nominasjon og to spellemannprisar. I tillegg til tradisjonelle slåttar frå Innherred, spelar brørne komposisjonar av yngstebror Gjermund, som også fekk TONOs komponistpris i 2017.


TIPS!
På Førdefestivalen, som feirar 30 år til sommaren, får du høyre Einar Olav og Gjermund Larsen i samspel med søstrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing i konserten som har tittelen To damer, To herrer. 



folkjazzscena

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.