Den lange vandringa
Historia om reinen, fortald med ord og tonar.
Information
Dei kom til Europa på same tid, dei to. Reinen vandra inn over kontinentet langs Beringlandbrua over Uralfjella i nord. Mennesket kom frå Afrika i sør. Reinen frå is og snø, mennesket frå sol og varme. Sidan skulle dei to slektene fylgjast åt i ein halv million år. Kvar går vegen vidare, for menneska og for reinen?
Velkommen til eit vakkert møte med historia om reinen og menneska, med tekstar frå boka «Den lange vandringa» av Reidar Andersen og Olav Strand og tonefølgje av Benedicte Maurseth sin musikk laga til reinen på Hardangervidda.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.