Afrikansk dans med Sarjo Sankareh
Kurset er tilpassa ungdom/vaksne.
Bli med på eit energisk og inkluderande dansekurs med dansar og formidlar Sarjo Sankareh, der Solo Diarra syter for levande musikk.
Kurset tek utgangspunkt i vestafrikanske dansetradisjonar og kombinerer rytme, rørsle og uttrykk. Du lærer grunnleggande rørsler og får utforske kropp, musikalitet og sjølve det å vere tilstades i rommet.
Sarjo Sankerh er ein erfaren dansar og pedagog med bakgrunn frå både scenekunst og internasjonale produksjonar. Han er ein tydeleg formidlar som har evna til å skape engasjement og få deltakarane til å kjenne seg trygge i gruppa.
Kurset er tilpassa ungdom/vaksne, og du treng ingen forkunnskapar for å delta.
Restriktioner
Ta gjerne med dansesko – eller dans i sokkelesten om du vil. Vi ber om at utesko blir verande utanfor dansesalen.
Ansvarsfriskrivning
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.