page view image

Solidaritetskonsert for Ukraina!

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Solidaritetskonsert for Ukraina!

Onsdag 6. juli kl. 19.00-20.00 på Festplassen

Fri inngang!


Bli med og vis di støtte til Ukraina når Førdefestivalen inviterer til konsert med Mariana Sadovska. Ho blir kalla ‘den ukrainske Björk, og er kjend for å utforske og eksperimentere med lydbilete basert på ukrainske folkesongar. Den ukrainske songaren, multi-instrumentalisten, skodespelaren og komponisten har med seg det eldste vokalensemblet i Ukraina, Drevo, og vokalgruppa Dyvyna, etablert i 1998 i Donetsk. 

I Førde vert det åtte songarar og musikarar på scena. Seks av dei er flyktningar, og held no til i Tyskland og Polen. Sidan krigen braut ut, har dei alle brukt tida til å halde konsertar og setje søkelyset på den store verdien kultur- og musikktradisjonar har for eit folk i krise. I eit land den innvaderande stormakta meiner ikkje ein gong har ein eigen kultur, har det å halde fram med å skape og spreie den ukrainske musikken, vorte ei motstandshandling nesten på linje med det å kjempe ved fronten.

Konserten er gratis, men vi oppmodar folk om å vise si støtte ved å vippse til Norges Røde Kors, VIPPS 2272.

Ta gjerne med ukrainske flagg.

Her er artistane på konserten: 

Mariana Sadovska er pionerartisten som har vist nye vegar for mange artistar i Ukraina. 

Songaren, multiinstrumentalisten og skodespelaren er fødd i Lviv, der ho tok utdanning i klassisk piano. Frå sin nye heimby, Køln, har karrieren hennar teke mange ulike retningar både i Europa og i USA. Sadovska er innovativ. Alle komposisjonane og arrangementa hennar spelar på dei gamle tradisjonane, men kvar og ein av dei er eit resultat av personlege og friske visjonar. Ho utfordrar alltid og eksperimenterer med nye lydbilete. I arbeida henner vert fortida moderne, og det regionale vert universelt. 

I dei åtte åra som har gått sidan Russland anekterte Krim og okkuperte deler av Donbas, har Mariana Sadovska vore talskvinne for Ukraina sin kamp for fridom gjennom å kombinere kunstnarleg arbeid med frivillig arbeid (veldedighet) og politisk aktivisme. Pressa kallar ho Ukrainas Björk og New York Times samanliknar ho med rockestjerna Polly Jean Harvey. 

Drevo - det eldste vokalensemblet i Ukraina 

Mariana Sadovska fortel at det er ein mann å takke at den ukrainska songtradisjonen har overlevd fram til i dag, nemleg Yevhen Yefremov, professor i etnomusikologi ved Kyiv Conservartory. -På slutten av 70-talet var han den første som innsåg at den einaste måten vi kunne klare å ta vare på den ukrainske tradisjonen, som Sovjetunionen var i ferd med å ta livet av, var å ta songane i bruk sjølv. 

 I 1979 etablerte han det første vokalensmblet i Ukraina, Drevo, som betyr tre. Drevo starta eit storstila innsamlingsarbeid av rituelle songar, gamle balladar og kjærleikssongar frå omtrent alle regionar i Ukraina. Dei siste månadane har Drevo henta fram songar som handlar om historia og om soldatar, i tillegg til songar frå Polissya-regionen og Karpat-fjella. 

Dyvyna - frå Donbas, via Kyiv til Tyskland

Dyvyna, som betyr undring, er eit ensemble som vart etablert på slutten av 1998 ved Donetsk National University. Gruppa har fokus på repertoar frå Donbas og frå den ukrainske diasforaen - landsbyane i Kuban-regionen, og Altai i West-Sibir. Då russarane gjekk inn i Donetsk i 2014, måtte songarane i Dyvynia flykte. Dei etablerte seg i Kyiv. No har mange flykta vidare til Tyskland, der dei kombinerer konsertar og verkstadar for born og vaksne, med å informere om krigen i heimlandet. Repertoara til desse to vokalgruppene går heilt tilbake til før-kristen tid. 

konsert

Afstandsverklaring

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.