page view image

Opning av festivalutstilling: Artistar & instrument 2022

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Festivalutstilling: Artistar & instrument 2022


Kvar dag under festivalen fotograferer Oddleiv Apneseth og Andreas Eikeseth Nygjerd utvalde artistar og instrument på festivalen. Dagen etter stiller dei ut bilda i storformat i Utstillingssalen i Førdehuset. 

Fotoutstillinga er open under heile festivalen. 

Gratis inngang.

Meir om utstillinga:

Fotografane Oddleiv Apneseth og Andreas Eikeseth Nygjerd vil under årets festival freiste å portrettere så mange artistar (Andreas) og instrument (Oddleiv) som mogleg. Under festivalen vil prosjektet vere synleg med publisering av fire nye bilete, i stort format, kvar dag i Førdehuset. Fotoutstillinga er eit framhald av utstillinga dei to fotografane gjorde i 2019.

Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge, samt fleire andre norske presseprisar. Han har vore festivalfotograf for Førdefestivalen og festspelfotograf for Festspillene i Bergen. Apneseth har illustrert mange bøker, og hatt ei rekkje fotoutstillingar.  

Andreas Eikeseth Nygjerd (f. 1984) bur i Bergen. Han er utdanna portrettfotograf hjå fotografmeister Hans Jørgen Brun i Bergen (2010-2014) og er no fotolærar ved Fana folkehøgskule i tillegg til å drive fotostudioet Nygjerd & Nitsch. Nygjerd er høgt premiert i fleire nasjonale og internasjonale konkurransar. Mellom anna fekk han prisen for «Årets portrett» i Landskonkurransen for Fotografi (2016). Bileta hans har vore utstilte fleire stader i Norge, og er publiserte i ei rekke land.

anna

Afstandsverklaring

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.