page view image

Morgonstund med Solfrid Molland (torsdag)

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Morgonstund har gull i munn!


Solfrid Molland elskar musikk frå heile verda. Denne morgonen får du høyre nydelege songar og historier ho lærde av spennande folk ho møtte då ho reiste rundt som trekkspel-gatemusikar i små og store byar i Europa. 

I samarbeid med fleire barnehagar i Sunnfjord kommune ynskjer vi små og store velkomne til morgonstund-konsertar i det fri. 

Ta med frukostniste og nyt ei fin morgonstund saman med Solfrid og Førdefestivalen.

Denne konserten er gratis for alle.

Meir om artisten:

Solfrid Molland  - Norge

Med stor kjærleik til musikken 

Solfrid Molland er songar, pianist og komponist, og har gjeve ut fire album på Kirkelig Kulturverksted. Prosjekta hennar byggjer på ein djup kjærleik til og fordjuping i europeisk musikk-kultur, frå klassisk musikk til gatemusikk.

På årets Førdefestival skal Solfrid Molland ha Musikken er mitt hjemland-konsertar i tre barnehagar i Sunnfjord kommune. I tillegg er ho ein av artistane du møter i dei stemningsfulle stovene på Jølstramuseet torsdag kveld, når festivalen igjen inviterer til Sommarnatt på Jølst.

‘Musikken er mitt hjemland’

Songar og trekkspelar Solfrid Molland syns det er ekstra stas å synge for dei minste. Då Molland reiste som gatemusikar rundt i heile Europa, fekk ho lære mange fine songar av spennande menneske ho møtte. I ein av byane ho budde, lærte borna både å synge og å spele eit instrument heilt frå dei var bitte små. Om kvelden, når det byrja å bli mørkt, lagde dei som budde i landsbyen eit stort bål der alle fekk plass rundt. Her er dei stille saman, dei syng saman, og dei fortel kvarandre eventyr. No får du høyre desse songane og eventyret om korleis musikken vart heimlandet til born og vaksne i denne landsbyen - og til veldig mange andre.

‘Musikken er mitt hjemland’ er ein produksjon Molland har laga til dei minste i DKS og barnehage. 

Solfrid Molland - trekkspel, vokal

barnefolk

Afstandsverklaring

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.