© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Naturmennesket og miljøforkjemparen Sam Lee er ein uredd og oppfinnsam songar, som dei siste 20 åra har gått i bresjen for å løfte fram den rike britiske folkesongtradisjonen og gje den ei framtid. Han samlar inn og tolkar folkesongar, og er særleg kjend for å skape heilt unike musikkopplevingar ute i naturen. Med originale arrangement og personleg formidling viskar han ut grensene mellom tradisjonsmusikk og samtidsmusikk. Songen kjem frå hjartet. Det er inderleg og ekte, og det er berre å late att auga og bli med inn i Sam Lee sitt musikalske draumelandskap. Han har ei stemme du seint gløymer!
Det siste albumet hans, songdreaming (2024), vart kåra til European Album of the Year av magasinet Songlines.
Sam Lee, vokal
James Keay, piano
Joseph O'Keefe, fele
Zachary Hobbs, gitar
Joshua Green, perkusjon