© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Opningskonserten markerer den offisielle starten på festivalen og er den største konsertproduksjonen i festivalprogrammet. Her får publikum oppleve fleire av årets artistar samla i éin konsert, sett saman spesielt for denne kvelden. Programmet rommar både sterke tradisjonar og nye musikalske møte, med utøvarar frå ulike delar av verda.
Festivalen vert opna av utviklingsminister Åsmund Aukrust, og Mona B. Riise er konferansier for kvelden. Ho kjem til Førdefestivalen for første gong!
Medverkande artistar:
Kinnaris Q frå Skottland
Amira Medunjanin frå Bosnia-Hercegovina
Rastak frå Iran
Sam Lee Trio frå Storbritannia
Caamaño & Ameixeiras frå Galicia i Spania
La Perla, perkusjon- og vokaltrio frå Colombia
Håkon Høgemo og Erlend Viken, med dansar Vilde Westeng, med kraftfullt slåttespel frå indre Sogn.
Opningskonserten er inkludert i festivalpasset med plass på tribuna, om du (med festivalpass) vil sitte på nummeret sete nærmare scena kan du kjøpe eit sete til kr 50,-