Mamelukk dansekompani | Livmødre

Ei framsyning som syner eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar.

page view image
Arrangementsdato

fredag 5 jul 2024 13:30

Slutter fredag 5 jul 2024 14:30
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Tilgjengelige varer

Vaksen
Ordinær vaksen
Festivalpass rabatt
Armband (festivalpass) og denne billetten må visast ved inngang.
UNG u 25 år
Alder 14 til og med 24 år, leg.plikt.
Born u 14 år
event image

Arrangementsinformasjon

Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor. 

Fem kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar? Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløysing og graviditet har dansarane leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla på noko vis. 

-Vi ønskjer å vise eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar, seier Silje Onstad Hålien. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida.


Livmødre er laga av Silje Onstad Hålien, Susanne Marko og Mamelukk dansekompani.


Silje Onstad Hålien - dans

Solveig Hårdnes - dans

Margit Myhr - dans

Brigitte Halldis Blomlie - dans

Anita Vika Langødegård - dans

Astrid Garmo - fele

Solveig Wang - tangentar


Koreograf: Silje Onstad Hålien 

Regi: Susanne Marko 

Komponist: Selma French Bolstad 

Kostymedesign: Signe Vasshus 

Lysdesign: Daniel Kolstad Gimle 

Foto: Vegard Breie 


Livmødre er laga i samproduksjon med Riksscenen og Sprang med støtte frå Kulturrådet, NOPA, Valdresmuséa, Innlandet og Folkemusikkveka.



Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

konsert/dans
Organizer
Førdefestivalen