© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Vi er enormt glade over å ha sikra oss fadosongaren LINA til den 34. utgåva av Førdefestivalen. LINA hadde ein eventyrleg suksess med Amália Rodriges-repertoaret ho produserte i 2020 i samarbeid med vidgjetne gitaristen og produsenten Raül Refree. Det resulterte i eit solid internasjonalt gjennombrot og ei rekkje musikkprisar og nominasjonar. På nyåret kjem oppfølgjaren, og denne gongen kastar LINA seg over poesien til Camões, ein av dei aller største referansane i portugisisk kultur. I tillegg debuterer ho som komponist.
LINA vel sine produsentar med omhu, og denne gongen er det britiske Justin Adams som er den utvalde. Han har namn som Robert Plant (Led Zeppelin), Rachid Taha, Tinariwen og Souad Massi på si liste. Adams vaks opp i Egypt, og har arbeidd med artistar i ulike kulturar og særleg utforska samanhengane mellom blues og tradisjonar i mahegrebsk musikk. Desse afrikanske rytmane gjer seg også gjeldande i fado, og er noko av det han har teke med seg inn i samarbeidet med LINA. Det heile vert toppa med smakfulle arrangement av musikar og komponist John Baggott, som mellom anna har jobba med artistar som Massive Attack og Portishead.
LINA – vokal og synth
Pedro Viana – portugisisk gitar
Lanina Khemelik – akustisk piano og synth
LINA_