© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
La Perla er ein perkusjon- og vokaltrio frå Bogotá som leverer rå energi, kraftfulle stemmer og ein heilt eigen, urban karibisk sound. Musikken har røtene i tradisjonar og rytmar frå colombiansk Karibia, men er forma i møte med storbyen, gata og samtida.
Her møtest trommer og urfolksinstrument med impulsar frå urban musikk som rap, dancehall, champeta, salsa, punk og rock. Resultatet er eksplosivt, tropisk og eksperimentelt, med ein tydeleg rocka attitude.
I tekstane syng La Perla om statleg vald, motstand i gatene og kvinner si verdigheit, men også om fest, vennskap, natteliv og fellesskap. Musikken er både politisk og feirande, alvorleg og full av liv.
Trioen fann saman i 2014 gjennom festivalar og dansearrangement i gatene i Karibia. Kjærleiken til musikken, kulturen og livet rundt han er sjølve kjernen i uttrykket deira.
La Perla bryt òg med tradisjonelle kjønnsroller i afro-colombiansk folkemusikk. Der menn tradisjonelt har spelt dei kraftige instrumenta, har desse tre kvinnene teke trommene i eigne hender og gjort dei til sitt varemerke.
Karen Forero
Giovanna Mogollón
Diana Sanmiguel