© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Klubb Komle, Bergens eigen folkemusikk-nattklubb, tek turen til Førdefestivalen!
Klubb Komle serverer dansbar husmannskost i klubbformat og presenterer noko av det feitaste innan folkemusikk akkurat no. På menyen står fleire rettar med dei lekraste folkemusikkblandingane.
Vi startar med å lære bort nokre grunnsteg i folkedans, så alle får prøva seg på litt springar, halling og anna norsk, før du får du innføring I kosakkdansar, kolomyjka, mazurka og anna når geniale polsk-ukrainske HrayBery vert ein del av Klubb Komle-menyen denne kvelden. Deretter skrur vi opp både bassen og temperaturen når Folksomt Musikkollektiv serverer rykande fersk folketechno, før DJ RADSEN rundar av kvelden og held stemninga oppe med sine dunkle beats og raritetar.
Bli med på Larris Scene og ein kveld med snurring, snacks og svette!
I tillegg skjer det konsert og dans i biblioteket over. Artist vert annonsert snart.
Éin billett gjeld for begge etasjane.