FØRDEKONFERANSEN 2024

Førdekonferansen har etablert seg som ein viktig kulturkonferanse i regionen og er eit viktig tilskot til festivalen. Til konferansen inviterer vi norske og internasjonale innleiarar til å gå i djupna på det årlege festivaltemaet.

page view image
Arrangementsdato

torsdag 4 jul 2024 09:30

Slutter torsdag 4 jul 2024 16:00
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Tilgjengelige varer

Førdekonferansen 2024
Konferanseavgift inkludert lunsj.
Førdekonferansen - billett til frivillig i 2024
Til deg som er frivillig under Førdefestivalen 2024. Kursavgift inkludert lunsj.
event image

Arrangementsinformasjon

RØTER OG FØTER

FØRDEKONFERANSEN 4. JULI 2024


I år handlar konferansen om røter som sjølve grunnlaget for vår felles ståstad. Røtene er berebjelkar for identiteten vår, men kva røter er det eigentleg snakk om? Kva identitet formar vi? Konferansen kastar lys over omgrepa kulturarv og verdsarv, og inviterer deg til å utforske desse saman med oss.

Programleiar er Astrid Versto. Ho kjem frå Vinje i Telemark og er tidlegare journalist i NRK. Versto har òg vore informasjonssjef ved Slottet, kommunikasjonssjef for utviklingssaker i Utanriksdepartementet og ambassadør i Kroatia.

Påmelding av bedrift med ønskje om faktura? Send epost til: billettar@fordefestival.no


PROGRAM

Kl. 09.30            Registrering og kaffi

Kl. 10.00            Velkomen       

- Jenny Følling – ordførar Sunnfjord kommune

- Arne Osland – styreleiar Førdefestivalen


Kl. 10.10           Røter som gir tankane føter – om Mimebrunnen som kjelde til visdom og innsikt

Paul Otto Brunstad arbeider til dagleg som professor ved Høgskulen på Vestlandet. Han har tidlegare vore tilsett ved NLA Høgskolen i Bergen, ved Luftkrigsskolen i Trondheim og Sjøkrigsskolen i Bergen. Brunstad har mellom anna gitt ut bøkene Seierens melankoli (2003), Klokt lederskap mellom dyder og dødssynder (2009) og Beslutningsvegring – et ledelsesproblem (2017).


Kl. 10.45            Setesdalsfolk på UNESCOs immaterielle kulturarvliste

Astri Rysstad har vore kultursjef i Bykle og Suldal kommunar, og vore leiar ved Lista museum. Ho arbeidde i sju år med nominasjonen av Setesdalsfolk til UNESCOs liste for immaterielt kulturvern, noko som blei ein realitet i 2019.

Rysstad fortel om prosjektet i samtale med programleiar Astrid Versto.


Kl. 11.10            Musikken i arkiva

Unni Løvlid, ansvarleg for folkemusikkutdanninga ved Norges Musikkhøgskole (NMH) leiar ein samtale om musikken i arkiva. Ho samtaler med John Ole Morken, musikkansvarleg i NRK, Cédric Dind-Lavoie, musikar frå Canada og Runa Kvalsund, student ved NMH.


Kl. 11.35            Når røyndom blir litteratur

- Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane, men som har budd mesteparten av sitt vaksne liv i Oslo. Sidan romandebuten Eg kom for å elske i 2002 har han gitt ut ei rekke romanar og diktsamlingar. I 2023 kom diktsamlinga Kvit, norsk mann som trefte både kritikarane og eit breitt publikum. VGs meldar, Trine Saugstad Hatlen, skreiv «…en knyttneve av en bok (…) noe av det sterkeste jeg har lest», og gav boka terningkast 6.

- Irene Kinunda Afriyie var 16 år då ho i 2006 kom som foreldrelaus flyktning frå Kongo til Askøy utanfor Bergen. Ho er ein engasjert samfunnsdebattant og fast gjestekommentator i Bergens Tidende. Ho debuterte som forfattar i 2023 med boka «Jeg er fordi du er», der ho gir oss eit skråblikk på nordmenn og integrering i Noreg. For Irene Kinunda Afriyie går integrering begge vegar. «Det handler ikke bare om meg. Det handler ikke bare om deg. Det handler om meg og deg», skriv ho.

Astrid Versto leiar samtalen med dei to forfattarane.

Eit samarbeid med Tekstallianse og Rom for ord.


Kl. 12.10            Kaffipause


Kl. 12.25            Rotlandskap: Strandamålarane, landskapsmålarar frå Vestlandet

Kunstnarduoen Alt Går Bra, som består av Branko Boero og Agnes Nedregård, vil snakke om dei mest populære måleria frå Noreg. I etterkrigstida produserte nokre familiar frå Stranda ein halv million måleri, selde over heile Noreg. I kor stor grad har desse måleria forma den kollektive oppfatninga av det norske landskapet? Boero og Nedregård drøftar landskap som røtene til identitet. Alt Går Bra er eit kollektiv for visuell kunst, basert i Bergen og Paris. Dei siktar mot å fornye vegane i samtidskunsten. Arbeidet deira har blitt vist i Noreg og internasjonalt, og finst i dei faste samlingane til mellom anna Nasjonalmuseet, KODE Bergen Kunstmuseum og KORO Offentleg Kunst Noreg.

Eit samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum.


Kl. 12.50            Lunsj

 

Kl. 13.50            Ukrainske røter som musikalske våpen 

Nataliia Rybka-Parkhomenko og Mariia Oneschak frå Ensemble Kurbasy frå Lviv i Ukraina. I samtale med Astrid Versto.

 

Kl. 14.25            Musikk og migrasjon. Musikken på vandring inn og ut av land og riker, og inn og ut av norske daler og bygder

Sigbjørn Nedland er musikkjournalist, programleiar i radio og produsent i NRK. Han er kjend for program som Pop Spesial, Pandoras Juke Box og Jungeltelegrafen. Nedland er musikkprodusent for konsertar, liveopptak og studioproduksjonar, og står bak 40 CD-utgjevingar. Han er initiativtakar, organisator og kunstnarisk ansvarleg for fleire større og mindre internasjonale kulturelle og musikalske samarbeidsprosjekt i ei rekke land, dei fleste i Afrika. Nedland har skrive bøker, teaterstykke og songtekstar, og er i år aktuell med boka «Kultur – retur. Musikkens reiser i historien og i geografien».


Kl. 14.55            Frå skog til scene 

Egil Haugland er førsteamanuensis i musikk ved Høgskulen på Vestlandet. Han er utøvande musikar og gitarbyggar. I løpet av dei siste 20 åra har han bygd gitarar som har vore nytta til CD-innspelingar, NRK- TV dokumentarfilm og ulike konsertframføringar. I 2016 bygde han «ergogitaren», som var eit samarbeidsprosjekt mellom institutt for ergoterapi og institutt for kunstfag ved Høgskulen Vestland Kronstad. Haugland har studert gitarbygging med den spanske meisteren Jose Romanillos. Bruk og gjenbruk av tremateriale som er henta i nærmiljø har vore eit mål i Haugland si tilnærming til gitarbygginga.


Kl. 15.20            Kaffipause


Kl. 15.30            Naturen er vår heim

Margreth Olin følgde i faren sine fotspor i høgfjellet som kransar Oldedalen gjennom eit år. Dei vandra frå Sunnfjord til Nordfjord, på og inne i Jostedalsbreen. No tek ho oss med heim, til røter og slekt og lar oss ta del i naturopplevingane som er utgangspunktet for filmen Fedrelandet, ein film som blir vist på kino og festivalar verda over.


Kl. 16.00            Slutt



Ansvarsfraskrivelse

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

kursogkonferanse
Organizer
Førdefestivalen