© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
I serien band som gjer alt på sin heilt spesielle måte: ta vel i mot Mitsune, folk-fusjonsbandet som heidrar og moderniserer den japanske shamisen-tradisjonen! Hjartet og sjela i Mitsune er tsugaro-shamisen, ein tradisjonell trestrenga lutt som vart gjort populær av blinde, omreisande musikarar. Mitsune sine energiske konserter har ein humoristisk undertone, og er spekka av overdådige visuelle uttrykk som vi trur du vil elske!
Las Karamba har røter i i Venezuela, Cuba, Catalonia, Frankrike og Argentina og blandar stilartar som son, cha-cha-cha, salsa, timba og litt innslag frå rap og urban musikk. Dei skaper ei kraftfull og smittsam musikalsk oppleving og er som skapte for å lage herleg laurdagsstemning i Sunnfjordsalen!
Klokka 22.30 inviterer vi til ei lett oppvarming i latinske dansestilar – rytmar og rørsler du garantert får bruk for seinare på kvelden, kanskje spesielt når Las Karamba inntek scena med sine all-latinske danserytmar.
Kurset er gratis for alle med festivalpass eller billett til Festivalnatt.
Dørene opnar kl 21.30
Aldersgrense 20 år.
Alle med Festivalpass har fri entre til denne konserten.