Festivalfilm: Gaucho Gaucho

Hybriddokumentar frå det argentinske pampas – om cowboyar, fellesskap og ein livsstil i endring.

page view image
Arrangementsdato

søndag 6 jul 2025 17:30

Slutter søndag 6 jul 2025 19:00
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

event image

Arrangementsinformasjon

Årets festivalfilm!

Billett til kino seljast via Førdehuset.no


GAUCHO GAUCHO


Arg./Am. Dokumentar. 1t. 25 min. 15 år

Bli med inn i det tradisjonsrike lokalsamfunnet til argentinske cowboys og cowgirls, kjent som gauchoene. Dei lever framleis på hesteryggen i grenseland mot den moderne verda. 

I denne hybriddokumentaren vert ein rik kulturarv og eit utdøyande levesett på landsbygda hylla med klassiske og stiliserte spelefilmgrep.

I dette portrettet møter vi fleire fargerike maté-drikkande cowboytypar på hesteryggen. Vi får eit eksklusivt innsyn i familieliv der tradisjonane går fra generasjon til generasjon. Bygdelivet vert skildra i ei særeigen blanding av observerande realisme og kontrastfylt svart/kvitt -foto. Scenene i filmen er slåande vakre, og karakterane vi møter er stolte, steile og opptekne av å leve i pakt med dyra, naturen og vere tru mot seg sjølv. Det er lett å gløyme at dette er ein dokumentarfilm!

Michael Dweck og Gregory Kershaw er ein amerikansk regissør-duo som tidlegare  har stått bak filmar som utforskar nærmiljø som ikkje tidlegare er blitt vist mykje på film; som i «Trøffeljegerne fra Piemonte» som var ein stor suksess m.a på Kino Førde 


(15 år) Ungdom/vaksne.

I samarbeid med Kino Førde.



Ansvarsfraskrivelse

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

anna
Organizer
Førdefestivalen