page view image

FRIKAR - Voluspå

Urgamal visdom møter moderne scenekunst i Frikar si nye framsyning.

Informasjon
event image

Fem dansarar og fire musikarar formidlar eldgamal mytologi gjennom dans, akrobatikk, levande musikk og sterke visuelle uttrykk. Dette er ei ny og spektakulær danseframsyning  – i kjend Frikar-stil.

«Lytt til meg, alle heilage slag.» Slik opnar Voluspå, eitt av dei eldste og mest sentrale dikta i norrøn mytologi – og utgangspunktet for Hallgrim Hansegård og FRIKAR si nye framsyning. Diktet utforskar samanhengane i livet, naturkreftene og mennesket sin plass i universet.

Ei klok spåkvinne, volva, med djup naturkunnskap, varslar om store endringar. «Alt er heilagt, og alt heng saman,» seier ho – og åtvarar om både klimakrise og aukande splitting i verda.

Dette er ei scenisk oppleving som grip tak i både sansane og tankane, og som berre må opplevast.

Framsyninga varer i om lag 80 minutt.

Photo Antero Hein


konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.