page view image

VÅG!

Ei framsyning om venskap – fortald gjennom dans, musikk, humor og alvor. To bestevenner står i sentrum når små og store val må takast. Passar for born i skulealder, familiar og vaksne.

Informasjon
event image

Våg! handlar om venskap – om alt det inneber å vere vener, på godt og vondt. Med leik, humor og alvor følgjer vi bestevenene Jon (Bugge Mariussen) og Håkon (Odden) sine oppturar og nedturar.


Gjennom spektakulær dans og levande musikk formidlar dei to dansarane og musikar Johanne Mjøs kva det betyr å vere vener. 

Vågar vi å stille opp for kvarandre når det trengs? Eller har vi nok med oss sjølve?


Passar for born i skulealder, familiar og vaksne.


Det blir to framsyningar: kl. 15.00 og kl. 16.30.

barnefolk

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.