Tett på: Høgemo & Viken
Samspel mellom to markante hardingfelespelarar frå kvar si tradisjon.
Informasjon
Her møtest læremeisteren og eleven, saman med hardingfelene sine. Håkon Høgemo kjem frå Årdal og har, ifølgje sikre kjelder, han sjølv, eit repertoar på over 1000 slåttar frå Sogn, Voss, Hardanger og Valdres.
Erlend Viken har vakse opp med tradisjonane frå Oppdal, og tek dei med seg inn i dette møtet med ein av sine fremste læremeistrar.
Når dei to tek fram felene framfor publikum, har dei berre ein tanke i hovudet: å spele godt!
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.