Tarabband
Musikk for fred!
Irakisk-egyptiske Nadin Al Khalidi kom til Sverige som flyktning i 2001. Sju år seinare starta ho seksmannsbandet Tarabband saman med Gabriel Hermansson.
Musikk deira startar i Malmø og reiser via Paris og Middelhavet til Kairo og Bagdad, og blir ei slags tverrkulturell musikalsk oppleving; litt som tarab, som på arabisk betyr at kjensler og musikk blir eitt. Tekstane flettar saman politiske og sosiale tema rundt identitet, overleving og kjærleik – alltid med eit ønskje om fred og toleranse mellom ulike kulturar.
Dette er musikk for fred – og ikkje noko passar betre enn at Tarabband set det musikalske punktum for Førdefestivalen 2026. FRED!
Restriksjoner
Dørene opnar kl. 17.30
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.