Dei gamle er eldst - Silje Onstad Hålien

Arrangementsinformasjon

For English - see below

16.30 – 17.30                Silje Onstad Hålien - Dei gamle er eldst
Storsalen, Førdehuset

Nyproduksjon:

Bli med oss å hylle dei store nestorane innan hallingdansen. Fabelaktige dansarar du har beundra på kappleiksscena, møtt på dansefest, sett på arkivopptak eller lært av på dansekurs. Store førebilete, læremeistrar og miljøskaparar for unge dansarar - som trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen ungdommen berre kan drøyme om. Martin Myhr, Ingar Ranheim, Dagfinn Krogsrud, Vidar Underseth og Dag Hamre er framleis spenstige og sparkar høgt når dei no levandegjer dei historiske linjene for den norske hallingdansen. 

Musikarar er Tuva Syvertsen og Sivert Holmen.
Koreograf (og dansar): Silje Onstad Hålien.  
Produsert av Riksscenen, Førdefestivalen og Hilmestemnet i samarbeid med Villniss Dansekompani og med støtte frå Kulturrådet.


16.30 – 17.30                Silje Onstad Hålien - Dei gamle er eldst
Storsalen, Førdehuset

Join us in celebrating the great mentors of the halling dance – the fabulous dancers you have admired in competitions, met at dances, seen in archival footage or learned from during classes. They with their confident steps that the young ones can just dream about. Martin Myhr, Ingar Ranheim, Dagfinn Krogsrud, Vidar Underseth, Rolf Bjørgan and Dag Hamre are still supple and kick high when they now enliven the historical steps of the Norwegian halling. 

Musicians: : Tuva Syvertsen and Sivert Holmen. 
Choreographer (and dancer): Silje Onstad Hålien. 
Produced by Riksscenen, Førdefestivalen and Hilmestemnet i collaboration with Villniss Dance Company. 
With support from Kulturrådet (Arts Council Norway). 








Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte