Seminar: Kunstnarleg fridom i krig og konflikt
Eit foredrag om kvifor fri kunst vert oppfatta som ei trussel - og kvifor ho er avgjerande for demokratiet.
I ei verd der demokratia går kraftig tilbake, er kunstnarar og kunst- og kulturinstitusjonar under angrep som aldri før. Autoritære leiarar og despotar fryktar den frie kunsten som ei demokratibyggande kraft, inspirasjon for kreativitet, som grunnlag for idear og debatt og som avgjerande for folk si historie, tilhøyrsle og etnisk bakgrunn. Difor er kunsten utsett. Kunstnarar vert truga, sensurert, fengsla og drepne. Kulturinstitusjonar vert sensurerte eller øydelagde.
Midt i dette finst det kunstnarar som ikkje teier. Som må uttrykke seg. Med fare for eige liv.
Jan Lothe Eriksen er initiativtakar til og første daglege leiar for organisasjonen Safemuse - Safe Havens for Artist. Han har bakgrunn som musikar i Stavanger Symfoniorkester og er tidlegare nestleiar i Norsk Musikerforbund (CREO), dagleg leiar i Norsk Folkemusikk og Danselag (FolkOrg), og initiativtakar til og første daglege leiar for Riksscenen. Som pensjonist arbeider han vidare med kunstnarleg ytringsfridom som styremedlem i dei internasjonale ytringsfridoms-organisasjonene Freemuse og SH|FT - Safe Havens Freedom Talks.