Seckou Keita

Arrangementsinformasjon

Kl 13.30 - 14.30 Seckou Keita

Festsalen, Førdehuset

Seckou Keita er truleg den mest inspirerande og innflytingsrike koraspelaren verda har nett no. Ein spesiell og ekstremt karismatisk musikar med 700 års musikktradisjon i ryggen;  Seckou Keita er ein urban tradisjonsbærar, som fører ein musikkarv vidare også med å utfordre grensene i den. 

To gonger før har vi opplevd Seckou Keita i Førde: I 1996 som deltakar i festivalen sitt internasjonale talentprosjekt, og i 2015 på ein magisk konsert i duo med den walisiske harpisten Catrin Finch.

Seckou Keita kjem frå griotslekt i Casamance sør i Senegal. Talentet for kora, den vest-afrikanske harpa med 22 strenger, kom frå morssida, Cissokho-familien. Seckou Keita er nevøen til Solo Cissokho, som skulle spelt på Førdefestivalen i år, men som døydde i mai. Då vi spurde Seckou om å gå inn som erstatning for Solo i Førde, var det ikkje noko han heller ville enn å spele i onkelen sin stad, for å heidre sin gode ven, onkel og sitt idol. -Det var Solo som tok meg i handa og førte meg inn på vegen eg er på no, seier Seckou.


Seckou Keita has arguably become the most influential and inspiring Kora player of his generation. He is the nephew of Solo Cissokho, who died in May and who was in the festival program in duo with Indré Jurgelevičiūtė. Seckou Keita is replacing Solo & Indré in the festival program. - Solo was an inspiration to me and it is he who held my hand when I was a boy and led me to the path I find myself on now. 

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.